VM i sjakk for ungdom 2001
6.runde


av Per Blikra
Generelt
Me har hatt strålande sol og 20-25 grader i skyggen fram til nå. I dag er det litt disig/overskya, men varmt nok til bading og soling. Alle er klar til å fortsetta den gode trenden frå i går, og Askild er innstilt på å revansjera seg frå tidlegare tap.

Dessverre gjekk det ikkje slik må håpte i dag (heller). Ny tangering av botnnivå. Einaste trøsta var at det var Askild som fekk med seg det eina halvpoenget. Sjølv om det er forholdsvis korte parti (3-4 timar) så blir dei ganske intense med lange avslutningar med lite tid igjen. Og ein blir aldri ferdig med tidsnøden fordi ein stadig får ny tid. Så nå kjenner nok spillerane at dei begynner å bli slitne/leie etter 6 samanhengande dagar.

Nå er me over halvvegs i turneringa, og status så langt er lite poeng, ein del godt spill, men for mange bortspilte parti. Me har 33% i snitt, og det er bare Rannveig som hittil er på målsettinga om 50%. Askild har hatt ein start han ikkje er fornøydd med, men det er ennå langt fram, og det er i alle fall oppmuntrande å ikkje gå inn i fridagen med tap.

I morgon er det første fridag og skifte av lagledar (Øyvind Ekeberg tar over). Spillerane ser fram til ein velfortjent kvil i bakken for å samla krefter til dei siste 5 partia. Ny målsetting er 3 poeng på dei siste 5 partia for alle!

Dei enkelte partia
Askild hadde kvitt og møtte Stanislav Demianciuc (utan FIDE-rating) frå Moldovia. Askild spiller engelsk, men mostandaren stilte seg opp med e5 og f5. Askild brøyt med d4, men følte seg fort på gyngande grunn, og begynte å frykta nok eit tap. Han fant eit fint dronningtrekk som ga motstandaren valget mellom ein dårlegare stilling eller evig sjakk. Dei vart så einige om remis etter 10 trekk, noko Askild var fornøydd med etter spillet, om ikkje etter eigne forventningar.

Rannveig møtte Angela Alcaraz Soriano (utan FIDE-rating) frå Spania med svart. Rannveig visste ho fekk d4 mot seg, og hadde sett litt på alternative åpningar med d5 og c6. Ho kom greitt ut i åpninga, men slapp eit par lette offiserar inn i stillinga si i midtspillet. Ho fekk jaga dei tilbaken, men etter generalavbytte stod ho framfor eit sluttspill med springar mot løpar og bønder på begge sider av brettet, og ikkje anna håp enn å slita seg til kanskje ein remis. (U)heldigvis bukka ho bonde, og vegen til tapt parti var lettare og raskare.

Marte møtte Julia Rolles (utan FIDE-rating) frå Argentina. Marte hadde sett på tidlegare parti til motstandaren og forberedt seg på hennar siciliansk. Julia overraska Marte med Db6 i 4. trekk og Marte tenkte lenge før ho fant det rette svaret. Første del av midtspillet brukte begge spillerane til å flytta rundt på dei same brikkene og blokkera bøndene. Marte prøvde seg på eit kongeangrep, men kjørte seg fast. Ho ombestemte seg og plutseleg var begge løparane inne i motstandaren sin stilling via dronningfløyen, og Marte måtte vinna materiell. Kvalitet for bonde var OK, men Marte begynte å få dårleg tid, og ein fiks kombinasjon som skulle bytta av eit par offiserar og gi dronninga til Marte innpass i fienden sin leir, stranda på ein mellomsjakk, og nå var det meir likt med tårn + bonde for to lette offiserar. Det er vanskeleg å forsvara seg mot to offensive springarar, særleg i tidsnød, og Marte stod etter ei stund ovanfor truslar om springargaflar og offisersgevinstar som tok meir tid enn ho hadde igjen, og klaffen falt.

Carl Fredrik møtte igjen ein sterk spillar (Andra Flumbort (2434) frå Ungarn), og er ferdig med dei urata (får me håpa). Carl Fredrik med svart fekk mot seg ein ”anti-Grunfeld”-åpning, og fekk problem i a1-h8-diagonalen etter at han (var nødt til å ) bytta ut svartfeltløparen sin mot ein springar på c3. Før det hadde han midlertidig stått to bønder over, men spilte for passivt. Kvitt sette etter kvart løparen sin på c3, og stillinga til Carl Fredrik gjekk sakte men sikkert i oppløysing.

Laila møtte Mira Dedijer (2030) frå Bosnia/Herzegovina med kvitt, og kom igjen godt ut av åpninga. I overgangen til midtspillet valgte ho feil og ga motstandaren c-linja. Akkurat då det såg ut som om det skulle løysa seg for Laila, mista ho ein bonde. Laila holdt likevel stillinga ei stund til, men etter at motstandaren fekk to samanhengande fribønder på dronningfløyen var det slutt.

Resultat runde 6 :
Norge - Verden : ½-4½
(Totalt 10 av 30)

Laila : 0 - Sum 2
Marte : 0 - Sum 2
Rannveig : 0 - Sum 3
Carl Fredrik :0 - Sum 2
Askild : ½- Sum 1
 

Runderapporter: 1  2  3  4  5  6  7  8  9  10  11 

Til turneringens hjemmeside

Laget av Eirik T. Gullaksen