|
Etter at jentene frå Vestlandet (Laila Viestad (J18), Marte Egeland (J16) og
Rannveig Blikra Vea (J14) og lagledar Per Blikra møtte Østlandsguttane Carl Fredrik Ekeberg
(G18) og Askild Bryn (G14) på Kastrup i København, bar det rett til Barcelona i følge med det
danske laget. I Barcelona regna det, og ingen hadde registrert at den norske delegasjonen
skulle komma på det tidspunktet, men me kom med på bussen til Oropesa Del Mar, og syns alt
hadde gått veldig godt når me hadde sjekka inn og fått hotellrom utan eit einaste problem
(det virka som om alle dei andre 20-30 delegasjonane som stod i kø hadde minst eit problem
som måtte løysast før dei kunne komma seg i hus).
Me stussa litt då me kom på romma og såg at det var eit lite dobbelrom til 3 personar
(med 2 senger). Etter å ha klaga fekk me ekstra seng og løfte om nytt rom dagen etter
(søndagen). Det er nå tirsdag kveld og me bur fortsatt trangt, men med stadige løfter om
"manana".
Været har vore fint, og spillerane har hatt fine dagar, men på sjakkbrettet har det butta
imot. I 1. runde fekk Laila WO og tok eit lett poeng. Rannveig fekk lett spill mot sin
motstandar og bygde opp ein stadig betre stilling. Etter 3 timar syns motsandaren det var
nok etter at Rannveig fanga dronninga etter ein avdekkarsjakk. Marte vikla seg inn i ei trang
stilling mot ein 2203-spillar, og tilslutt stod alle brikkene hennar i vegen for kvarandre,
slik at motspillaren kunne forsyna seg med 2-3 offiserar før Marte ga opp. Askild stod og
trangt etter åpninga, men kom sterkt tilbake, leda ei stund med bonde, og hadde forholdsvis
grei remisstilling med 4-5 bønder og eit tårn kvar mot ein 2289-spillar. Så gjorde dessverre
Askild ei lita feilvurdering av kor kongen skulle gå og det halve poenget forsvant.
Carl Fredrik møtte ein 2433-spillar i ein teoriduell i Sveshnikov-varianten i Siciliansk.
Etter 18 trekk var dei ute på eigne bein, og stillinga vart gradvis meir pressa for Carl
Fredrik. Men det var ennå nok å spilla på til han bukka ein bonde litt seinare i partiet.
Resultat runde 1 : Norge - Verden : 2-3
men mange gode spill mot gode (betre) motstandarar.
|
Laila : | 1 |
Marte : | 0 |
Rannveig : | 1 |
Carl Fredrik : | 0 |
Askild : | 0 |
|
|
|
|