VM i sjakk for ungdom 2001
2.runde


av Per Blikra
I andre runde var det resultatmessig ingen store lyspunkt. Carl Fredrik fekk remis mot ein urata (men god) spillar frå Trinidad, mens alle andre tapte. Men bak resultata var det nokre gode spill. Laila fekk til ein god åpning, og spilte seg til ein meirbonde mot sin 2081-motspillar. Til slutt var bare å bytta av dronninger og gå inn i eit vunne tårnsluttspill med (minst) to meirbønder, men Laila såg ikkje godt nok etter motstandaren sin einaste sjanse og vart matt i to trekk. Rannveig kom bra ut av åpninga og midtspillet, men undervurderte etter kvart 2052-motstandaren sitt spill for å få fribonde, og kom i ein håplaus forsvarsposisjon. Marte (med kvitt) kom dårleg ut i åpninga etter ein forhasta ekspedisjon med springaren til g5. Ho var lenge pressa, men etter eit dårleg trekk av motstandaren var dei likt, og Marte hadde sjansen til å avgjer partiet til sin fordel i tidsnøden, men oversåg gevinsttrekket og rett etterpå matten til motstandaren. Askild med kvitt spilte litt unøyaktig i åpninga, mista ein bonde og initiativet. I midtspillet kom han inn i partiet igjen og hadde praktiske sjansar. Dessverre parerte motstandaren godt, og to fribønder på tredjeraden avgjorde til slutt partiet.

Resultat runde 2 :
Norge - Verden : ½-4½
Katastrofe, men pluss for Laila sitt spill fram til matten.

Laila : 0- Sum 1
Marte : 0- Sum 0
Rannveig : 0- Sum 1
Carl Fredrik :½- Sum ½
Askild : 0- Sum 0
 

Runderapporter: 1  2  3  4  5  6  7  8  9  10  11 

Til turneringens hjemmeside

Laget av Eirik T. Gullaksen