VM i sjakk for ungdom 2001
3.runde


av Per Blikra
Tredje runde starta med "feiltrekk" av Carl Fredrik i fjerde trekk, og etter å ha sett ein offisersgevinst eit trekk for seint vart han overkjørt etter litt over tjue trekk. Laila møtte igjen ein sterk motstandar (2081), kom greitt i gang, stod bra, fekk tidsnød og gjorde ein liten feil som kosta partiet. Askild var ikkje fornøydd med spillet sitt og stod dårleg heile partiet, men i motstandaren sin tidsnød klarte han remis med springar mot tårn og bonde! Marte og Rannveig holdt ut til tidsnøden og vel så det. Tida dei har her er 1½ time + 30 sekund pr. trekk på heile partiet. Det betyr at etter 50-60 trekk og/eller 4 timar er stort sett alle i tidsnød.Marte kom for første gang her nede godt ut i åpninga, men kom gradvis på defensiven i midtspillet. Då tidsnøden begynte var dette utlikna, men Marte klarte presset best og lurte kvalitet og seinare poenget frå motstandaren. Rannveig kom bra ut i åpninga, men klarte ikkje å få meir enn liten fordel mot ein motstandar som var lite konstruktiv/kreativ. Rannveig ga bort ein bonde midlertidig, og motstandaren mista både denne og ein til i eit forgjeves forsøk på å beholda meirbonden. Rannveig benytta sjansen og bytta ut dei fleste offiserane for å surfa inn sluttspillet og heilpoenget. Beste dag så langt !

Carl Fredrik og Laila er mest misfornøydd med spillet/uttelllinga så langt, men lover å komma sterkare tilbake.

Resultat runde 3 :
Norge - Verden : 2½-2½
(Totalt 5 av 15)

Laila : 0- Sum 1
Marte : 1- Sum 1
Rannveig : 1- Sum 2
Carl Fredrik :0- Sum ½
Askild : ½- Sum ½

De tre første reisebrevene er sendt ved hjelp av utstyr til våre danske venner her nede.
Takk til dei for det. Dei sender ellers eigne reisebrev til Dansk Skak sine heimesider.
 

Runderapporter: 1  2  3  4  5  6  7  8  9  10  11 

Til turneringens hjemmeside

Laget av Eirik T. Gullaksen