|
Generelt
Ungdommane sov lenge i dag, og var godt opplagte til kampane i ettermiddag. Motstandarane var i teorien overkommelege,
og me var med godt mot og hadde målsetting om endeleg å snu trenden og få over 50%.
Det blei den suverent beste dagen hittil, med mye godt spill og mange poeng (3½). Det hadde blitt 4 dersom Laila si
klokka hadde fungert. Dessverre nytter det ikkje for resultatet å klaga på dette, men arrangøren har fått beskjed om å
skjerpa seg.
Dei enkelte partia
Askild hadde svart og møtte Ivan Galic (utan FIDE-rating) frå Bosnia/Herzegovina. Askild spilte spansk, men prøvde seg på
eit nytt 5. trekk : Le7. Dette var dessverre ikkje godt, og etter 6. d5 frå motstandaren hadde Askild store problemer med
å finna gode trekk. Han måtte snart gi bonde, og då han seinare ga rein kvalitet i ein ellers dårlegare stilling, var det
over og ut. Askild er skuffa over resultata hittil, men lover å komma sterkare tilbake i morgon og siste halvdel av
turneringa. Målsettinga er nå minst 4 poeng.
Rannveig møtte Valerie Maupin (utan FIDE-rating) frå Frankrike med kvitt. Rannveig åpna som vanleg med d4, Sf3, e3 (Colle)
og fekk tidleg inn e4 og ein god stilling. Uti midtspillet trudde motstandaren at Rannveig bukka bonde på h2, men Rannveig
hadde sett at Dg4 med matt-trussel vant minst bonde tilbake, i fleire variantar var det fine mattstillingar. Motstandaren
fant ikkje beste motspill og Rannveig vant først kvalitet og så offiser. Etter generalavbytte fant ikkje motstandaren meir
å spilla på med tårn under.
Marte møtte Shannon Oliver (utan FIDE-rating) frå Australia. Rannveig spilte mot ho i fjor, og meinte Marte burde vinna.
Marte spilte Skandinavisk med svart, og fekk tidleg initiativ og ein bonde på c2. Etter dette hadde ho litt problem med
ein bunden springar på e7 som hindra henne i å rokera, men spilte seg fint ut av problema og inn i midtspillet med
ekstrabonden. Akkurat då Marte frykta at motstandaren kom inn igjen i spillet, såg ho ein fin kombinasjon og sikra seg
ein offiser. Resten av spillet gjennomførte Marte sikkert og solid til seier.
Carl Fredrik har nå snart møtt alle dei urata spillerane, i denne runden møtte han George Munnik Van Ziel frå Sør-Afrika.
At rating ikkje er alt viser at Oliver Barbosa (utan rating) som Carl Fredrik tapte for i 3. runde vant i 4. runde mot ein
argentinar med 2266 i rating, og nå har 2½ av 4. Carl Fredrik spilte eit godt parti mot ein ikkje altfor god/heldig
spillar. Etter at motstandaren gjorde nokre unøyaktige trekk i åpninga stod Carl Fredrik suverent i midtspillet, og tok
stadig meir terreng og felt. Til slutt kollapsa stillinga for kvitt og Carl Fredrik stod offiser over etter at dei fleste
andre offiserane var bytta av.
Laila møtte J.E. Kavitha (2038) frå India med svart, og har nå møtt 3 av 4 med rating. Laila hadde svart i ein ekstremt
skarp Skandinavisk. Kvitt pøste på med bønder og tunge offiserar mot Laila sin litt utsatte kongestilling. Laila plukka
bonde etter bonde, og kombinerte seg til ein kvalitet og vunnen stilling. Dessverre var det ein feil med Laila si klokka,
ho fekk aldri dei 30 sekunda i tillegg som ho skulle ha. Heldigvis oppdaga ho det før klaffen falt (9 sekund igjen), og
fekk ordna det slik at ho ikkje tapte. Men dessverre hadde ho spilt bort den soleklare gevinsten i tidsnøden, og måtte
nøya seg med remis.
Resultat runde 5 : Norge - Verden : 3½-1½ (Totalt 9½ av 25)
|
Laila : | ½ | - Sum 2 |
Marte : | 1 | - Sum 2 |
Rannveig : | 1 | - Sum 3 |
Carl Fredrik : | 1 | - Sum 2 |
Askild : | 0 | - Sum ½ |
|
|
|
|