VM i sjakk for ungdom 2001
4.runde


av Per Blikra
I dag fekk me endeleg bytta eit av hotellromma med ein leilighet. Det er forholdsvis trangt i leiligheten og, men det er i alle fall bord og stolar der, og som Carl Fredrik sa då me hadde flytta bort all bagasjen : ”Se, jeg kan gå mer enn to skritt!”. Etter at eg (ungdommane) fant mobiltelefonen min (inni nattbordet) som eg (trudde eg) hadde mista utanfor ein time tidlegare, skulle alle praktiske problem vera fjerna, og alle fem var klar til å bli ennå betre enn i går (2½ av 5).

Askild hadde kvitt og møtte Gara Balajayev (utan FIDE-rating) frå sjakknasjonen Azerbadjan. Askild spilte engelsk og kom godt ut i åpninga. Han bytta feilaktig løpar og springar for tårn og bondei staden for å prøva å beholda ein meirbonde (som ville gitt gevinst), og etter generalavbytte tapte han på tid i sluttspillet.

Rannveig møtte Zuzana Borosova (2011) frå Slovakia. Rannveig åpna som vanleg med Caro-Kann som svart mot e4, og kom greitt ut av åpninga. Ho mista bonde tidleg i midtspillet, men hadde litt kompensasjon. I sluttspillet viste det seg at motstandaren sin springar var sterkare enn Rannveig sin løpar, og Rannveig oversåg til slutt at kvitt ville få fribonde som ikkje kunne stoppast etter offisersbytte, og tapte partiet.

Marte møtte Camelia Coibanu (2239) frå Romania. Marte med kvitt kom brukbart frå åpninga (skotsk), men svart fekk ein framskutt bonde på a3 som hemma kvitt i midtspillet. Marte forsvarte seg bra, men lot tårnet stå i ein binding på f2 som til slutt kosta materiell og partiet.

Laila møtte Audrey-Jane Baldi (utan FIDE-rating) frå Frankrike med kvitt. Laila spiller sin eigen heimesnekra åpning (d4, Sc3, Lf4, e3, Sf3), og kom som i dei andre partia godt ut. I midtspillet spilte ho seg vidare opp og stod klart best, men fant ikkje dei beste trekka, og motstandaren overtok initiativet. Etter 40 trekk og lite tid igjen vart dei einige om remis, og Laila fekk sitt første spille(halv)poeng.

Carl Fredrik møtte sin tredje urata spillar i turneringa, Nebojsa Sljivic frå Bosnia/Herzegovina. Carl Fredrik hadde kvitt og stod best etter åpninga (kongeindisk) og inn i midtspillet. Han åpna frivillig b-linja, men måtte sjå at motstandaren overtok både den og initiativet. Til slutt måtte Carl Fredrik ty til evig sjakk for å berga halvpoenget.

Ein ny runde me ikkje var heilt fornøydde med. Ein del godt spill, men for lite poeng.

Resultat runde 4 :
Norge - Verden : 1-4
(Totalt 6 av 20)

Laila : ½- Sum 1½
Marte : 0 - Sum 1
Rannveig : 0 - Sum 2
Carl Fredrik :½- Sum 1
Askild : 0 - Sum ½

Eg må igjen må eg få takka våre danske venner, Per og Tom, for all hjelp med å senda reisebrevet og moralsk støtte i arbeidet med å bytta rom. Dei sender eigne detaljerte reisebrev om korleis det går med dei 8 danske spillerane som er her nede, sikkert kjekt for mange norske å lesa, breva ligg på Dansk Skak sine heimesider.
 

Runderapporter: 1  2  3  4  5  6  7  8  9  10  11 

Til turneringens hjemmeside

Laget av Eirik T. Gullaksen