Torsdag 7. juni drog 19 representantar frå Vandaskog Sjakklubb, derav 9 spelarar, til Island for å setja sjakkunnskapane sine på prøve mot
jamgamle der borte
Spørsmålet ein kunne stilla seg var om desse norske ungdommane klarte å prestera like godt i sjakk som ungdomslandslaget klarte i fotball.
Målet var Hafnafjordur, ein kommune lika utanfor Reykjavik, som Sveio kommune har samarbeidd med i fleire år.
Turen skulle eigentleg gått i fjor, men av ulike årsaker vart det utsett til i år, kunne klubbleiar Karstein Strømmen fortelja.
Pengane til turen har ungdommane og deira føresette vore med og samla sjølv. Dei har seld lodd, der gevinstane har vorte gitt av
lokale kunstnarar og næringsliv. Dei har også fått midlar frå Ungdommens Sjakkforbund.
Vulkanar
Sjølv om sjakk var hovudgrunnen til at dei skulle reisa, var det ikkje berre det taktiske spelet som stod på menyen. Fredagen gjekk
med til å utforska det vulkanprega landskapet med store bilar med firhjulstrekk. Køyreturen til den første severdigheita ein skulle sjå,
var lang. Omsider kom ein til Gullfoss, eit svært fossefall der mange andre turistar stod og knipsa bilete for harde livet. Dei som ikkje
var redde for kamerautstyr, tok turen heilt ned til fallet. Der kunne ein kome så nærme at ein kunne ta på det brusande vatnet. Det blei
nok ein kald dusj for einskilde. Før me køyrde vidare tok dei fleste seg ein is (Hmm... Is høyrer Island til), det er visst allment kjend at
islandsk is skal vere ganske god.
Ingen kokeris
På vegen tilbake kom me forbi fleire geysirar, som er kjelder naturleg oppvarma av jordas indre. I enkelte av desse småpyttane (ikkje alle har utbrot)
heldt vatnet kokepunktet, 100 grader celsius. Ein kunne sjå at det bobla, nærmast fosskoka i enkelte. Naturleg nok var det den som spruta omtrent
kvart femte minutt som trakk merksemda til folk flest. Like før vatnet stod til vêrs, vart det ein flott turkisfarge som eit resultat at alle minerala som er
å finna i ei slik kjelde. Somme ergra seg ironisk over at dei hadde gløymd å ta med seg ”Boil in bag”-ris som sett på reklamen.
Sjakkbrettet
Fredag ettermiddag var så tida for sjakkturnering. Spelelokalet var ein gammal skule, og alle vart hjarteleg teke i mot. Sjølv om motstandarane
såg små og ulærde ut, mangla dei ikkje på presentasjonar. Dei islandske vann overlegent. Nokre poeng klarte våre lokale spelarar å hanka inn,
men det var berre å innsjå at denne gongen var dei på heimebane best. Det mangla heller ikkje på venlegheita; Leiaren for den islandske klubben
spanderte like gjerne pizza på heile gjengen. Etterpå var det tid for dei siste rundane med lynsjakk, før ein så tok bilete, overrekte venskapsgåver,
takka for seg og skilde lag.
Sveibu
Shopping var eit sentralt tema for dei fleste av jentene, og dei tok i mot tilbodet om ein dag i handlegata med opne armar. Som eit avbrekk frå alle
butikkane, gjekk ein for å utforska kyrkja. Fascinasjonsmomentet her var at det er ein sveibu som har lagd flisene på golvet. Det var også verdt å
ta ein tur heilt opp i tårnet for å sjå på utsikta over hovudstaden og på klokkene medan dei klang melankolsk ved timeskiftet.
Perlan
Lørdag kveld var det på med finstasen, ut i taxien og i veg mot Perlan – ein roterande restaurant med knallutsikt. Det var heile tida noko nytt å
oppdaga med denne merkelege restauranten, anten det var maten, utsikta elle menneska. Dessutan dukka resten av reisefølgjet vårt opp, nokre
folk frå kommunen. Det heile vart ein svært vellykka aftan, der folk koste seg stort og nøyt kvar einaste augneblink.
Varme kjelder
Ingen reisar frå Island utan å ha bada i ei varm kjelda. Søndag bar det mot Den Blå Lagune, som ikkje berre hadde eit utmerka og genialt
låsesystem på garderobeskapa, men også kelnar i badebuksa og tversoversløyfa. Vatnet haldt på det meste ca. 40 grader, noko som dei fleste
såg på som ei nyting. Hadde ein lyst på ein reinsa og ”fresh” hud, var det beint fram berre til å klina på seg den kvite miksturen som var stasjonert
i gryter rundt om i kjelda. Ansiktsmaska bestod av naturlege mineral frå vatnet og bakken. Maske frå bakken er tydelegvis ikkje det same som
maske frå tube. Denne gongen var det ikkje berre kvinnene som smurte seg inn.
På heimreisa og på veg mot landing på Gardemoen, vart me møtt med ein flott solnedgang og mangel på parkeringsplass for flyet,
noko som resulterte i mykje stress då ein nesten mista flyet vidare. Heldigvis gjekk det bra, og eg vonar at alle hadde ein flott tur
med opplevingar som svarte til forventningane, og som vil bli lagra som erfaringar resten av livet.
Tekst og foto: Hilde L. Rasmussen
En forkortet utgave av denne artikkelen har stått på trykk i Førsteraden 5/2007.
http://www.bergensjakk.no/
|