BERGENSJAKK

Peder Havskjær er død

Peder Havskjær er gått bort, 97 år gammel.

Minneord Peder Havskjær
av Egil Arne Standal

Peder Havskjær under eit sjakkparti i KM i lynsjakk i Molde, 1985
Peder Havskjær under eit sjakkparti
i KM i lynsjakk i Molde, 1985
(Foto: Øyvind Brunvoll)

Peder Havskjær døydde den 7. april, 3 dagar etter at han fylte 97 år. Vi i sjakkmiljøet i Ørsta, Volda og elles hugsar han som ein god ven, ein heidersmann, ein svært sterk sjakkspelar, og ein framifrå bidragsytar til det gode miljøet vi har hatt.

Peder Havskjær har visst spelt sjakk nesten heile livet. Han har fortalt at han lærte å spele sjakk ved å sjå foreldra spele. Han synest at det var litt artig at han lærte spelereglane på denne måten, og peika på at verdsmeistaren i sjakk frå 1921 til 1927, cubanaren Capablanca, hadde lært seg å spele på same måten, ved å sjå faren og ein onkel spele.

I 1948 starta Ørsta Sjakklag opp, og heldt det stort sett gåande til litt ut på 1960-talet. Peder har fortalt at var avgrensa kva han fekk vere med, fordi han var mykje vekke på arbeid eller på fiske. Papira som finst frå den tida viser at Peder då var ein av dei beste spelarane i sjakklaget.

Peder var ein skulert sjakkspelar: Via ein annan sterk sjakkspelar, Olav Vidnes i Hovdebygda, hadde han fått tak i Euwe og Kramer si serie «Midtspillet» som i 1954 hadde kome ut på dansk i 12 hefte, til saman ca. 900 sider. Dette verket vart studert, og ga grunnleggande kunnskapar om mange sider ved det å spele sjakk.

Vinteren 1972 vart Volda Sjakklubb skipa, og Peder var med frå starten. Sommaren 1972 drog han og andre spelarar i klubben til sjakk-NM på Røros. Der var Peder ein av overraskingane: Ein ukjend spelar frå ein nystarta klubb gjekk hen og blei nummer 2 i klasse 1, og rykte dermed opp i meisterklassa. Status som meisterspelar klarte han også å halde dei neste åra.

I dei mange åra sidan var Peder trufast med på det som skjedde i sjakkmiljøet i Volda og Ørsta, og også elles. Han deltok i klubbturneringane, lagkampar, helgeturneringa og også i nokre noregsmeisterskap. Alltid roleg, vennleg når han vann, «var litt heldig», og hyggeleg når han tapte: «Du spelte godt!»

Peder var med lenge, den siste lagkampen spelte han vinteren 2011, i ein alder av snart 87. Han kunne framleis spele, med ein solid remis mot ein sterk spelar frå Kristiansund.

I seinare år svikta helsa, men hovudet var med til det siste. Han hadde stor glede av å følge med på sjakksendingane på TV, og forstod altså meir enn folk flest av stillingane på skjermen og forklaringane til kommentartorane.

Ei helsing frå Jon Olav Fivelstad seier mykje om Peder:
«Dette var trist å høyre. Peder arbeidde saman med faren min, og då Peder høyrde at eg som 13-åring var interessert i sjakk tok han meg med til Volda sjakklubb. Han budde i Åmdalen, køyrde Melsbygda, og henta og bringa kvar einaste spelekveld. Av og til sykla eg fram på Åmdalen sommarstida for å få meg ein dyst – særleg som oppvarming til NM. Då måtte me alltid stoppe klokka og forsyne oss av godkakene som mora bar fram. Det vart etterkvart mange turar, særleg til Ålesund, Molde, Kristiansund og Florø – alltid klubbkampar, alltid køyrde Peder laget, og var også ein viktig spelar. Takk for alt som du lærde meg og kvil i fred!»
</blockquote